Aktivitetar

Her i Bremanger(land) har vi eit eldorado av naturopplevingar – alt frå krevjande heildagsturar til Norges vestlegaste isbre Ålfotbreen, topptur til sagomsuste Hornelen, strandliv på Grotlesanden, fisketurar for heile familien og ikkje minst den skjulte perla Vetvika. For tips til kva du kan gjere i Bremangerland, les meir under!

Om du ønskjer meir informasjon, ta kontakt med oss eller Bremanger turistinformasjon.  

Sommarland

Yrande sommarliv i Bremanger syns vi sjølve er noko av det finaste som finst. Ta deg ein softis på Havlys kafé & bar, sykkeltur til Novelandet med nydelig utsikt utover havet, eit besøk til det historiske fiskeværet Kalvåg eller ein guida tur til helleristningsfeltet Vingen.

Foto: Steinar Engeland

Havland

Bremanger ligg flott til med hav og sjø på alle kantar. I Bremangerbygda får vi storhavet rett inn, og vi anbefalar ein tur ut på Grotlesanden i storm og skikkelig dritvær – det er ei kraftfull oppleving å sjå bølgene slå innover land og høyre vinden ule i fjella.

Er du meir typen som likar deg på roligare sjø, så kan vi og tipse om fisketurar og krabbefiske, eller kanskje berre ein rolig stranddag på Iglandsvik med blinkande sjø og leik i sanden for dei små.

Ferieland

Bremanger har mange aktivitetar både for store og små om de ønskjer å tilbringe norgesferien her. Vi kan blant anna tipse om:

Smørhamn handelsstad

Historiske Smørhamn handelsstad – høyr reiselivshistoria 350 år tilbake i tid, og sjå utstilling frå dagleglivet kring 1850 og 1950. Aktivitet som passar for heile familien. www.smorhamn.no

Mestringsgården Klatrepark

Utendørs klatreløype i Svelgen tilpassa alle aldrar.
Link til Facebookside

Hjortegarden

Hjortegarden i Ålfoten er så tett på naturen som det er mogleg. Foring av hjortar, lagbygging, pakketurar m.m.
www.hjortegarden.no

Norway Adventures

Kajakkpadling, familieaktivitetar, blåturar og lagbygging.
www.norway-adventures.com

Carola Buaspa & sol

Spabehandlingar, massasje, innendørs sandstrand med solgaranti, badstue og boblebad på kaikanten i Kalvåg.
www.buaspa.no

Vingen helleristningsfelt

Historiske vingen med over 2000 helleristningar som er opp til 6000 år gamle. Guida turar kvar fredag i sommarsesongen, kan bestillast gjennom Bremanger turistinformasjon.

Via Ferrata

Er du klar for å ein friluftsopplevelse utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata er ein fletta ny Via Ferrata opp Europas høgaste sjøklippe. Loddrett klatring med sjøen rett under deg er noko du og dine seint vil gløyme. Vi har heil- og halvdagsturar som begge er flotte opplevingar. Heildagsturen går heile vegen til toppen av fjellet, mens halvdagsturen returnerer halvvegs. Velkommen til Hornelen Via Ferrata!

hornelenviaferrata.no

Badeland

I Bremangerland har vi fleire nydlege strender, som treff dei fleste sine behov. Er det ikkje sol og varmt, kan vi likevel anbefale ein tur på strendene våre for å sjå på været, kite/vindsurfe eller grave etter krabbe og flyndre i tang og tare. Her er det mykje spennande å finne! Vi kan blant anna nevne:

Grotlesanden

Den mest kjende stranda vår, med silkemjuk sand så langt auge rekk. Her er havet mot vest næraste nabo, og ei spektakulær utsikt mot holmar og skjær. Parkeringsplass og toalettanlegg. Ligg ca 2 km frå Havlys B&B.

Håkssanden

Ei av dei mindre kjente strendene, men like flott fordiom. Langgrunn sandstrand med roligare sjøforhold som passar godt for familiar med små barn, og ypperleg stad for kiting og vindsurfing ved riktige vindforhold.  Håkssanden ligg på Hauge ved Spar, ca 2 km frå Havlys B&B.

Iglandssanden

Rett nedforbi Havlys B&B ligg to små strender som går under Iglandssanden. To langgrunne og flotte strender som skjuler mange skattar for dei små med spade og bøtte. Trappetilkomst frå Havlys B&B eller parkering på Joker, med gangvei innimellom tradisjonsrike naust.

Vetvika

Den skjulte perla i Bremanger. På nordsida av øya Bremangerlandet finn du historiske vetvika, den veglause bygda som hadde innbyggjarar fram til 1950 talet. Her finst både spennande viking – og krigshistorie, og ikkje minst den spektakulære sandstranda som er blitt viden kjent dei siste åra. Med havbåra som rullar innover stranda er det eit nydeleg skue på flotte sommarsdagar. Kun tilkomst via båttransport eller fjellveien.

I 2021 kom det merka sti frå Iglandsvik og ut til Vetvika, ein flott fjelltur vi anbefalar på det sterkaste. Ved båttransport går man vest om land og rundt den mektige Olderveggen, ein steilbratt, forreven klippevegg med tydelige spor av at storhavets rullende vannmasser. Om du er heldig kan du få auge på ørn, steinkobbe og niser, og kanskje nokre geiter og hjortar oppi dei bratte fjellsidene.

Foto: Steinar Engeland

Turland

I Bremanger(land) har vi mange flotte turar, alt frå heildagsturar for den fjellvandte til kjekke vandringsturar for heile familien. Vi kan blant anna nemne

  • Hornelen – Dagstur, rød løype
  • Vetvika – Dagstur, rød løype
  • Holehornet – Familievennleg, grøn løype
  • Iglandsbenken – Familievennleg, blå løype
  • Dagsturhytta på Veten – Blå løype
  • Gjengen (ålfotbreen) – Svart løype, svært krevjande tur for godt fjellvandte

For meir informasjon, sjå Bremanger Turistinformasjon eller www.ut.no

MS Grotle

Fiskarland

Bremangerland er eit eldorado for fiske både til havs og i vatn. Vi kan setje deg i kontakt med båteigarar for å vere med på fisketur, og fiskekort for fiske i vatn kan du kjøpe hos Bremanger Turistinformasjon.

Vi har og ei rik fiskerihistorie på Iglandsvik, med naust og industribygg som har vert store fiskerimottak. I dag er Iglandsvik eit aktiv base for sjarkar og båtar i området, så er du heldig kan du gå ned på kaia og sjå dagens fangst, og sjå båtane gå ut om morgonen for å drage garn eller krabbeteiner.

Foto: Steinar Engeland

Vinterland

Det er ikkje berre om sommaren det er mykje å sjå her, vi er og ein spennande destinasjon om vinteren. Enten du vil kjenne dei sterke vinterstormane på kroppen med vind i orkan styrke og havråk innover fjorden, eller eit flott vinterland med snø så er vi her. Er du heldig og er på besøk når vi har snø i fjellet, kan vi anbefale både ski og trugetur i dalføra våre, med utsikt utover havet eller innover fjordane.

Vi kan desverre ikkje stille med værgaranti verken vinter eller sommar, men flott natur kan vi by på uansett årstid!