Velkomen til Bremangerland
Finn magien i vår fantastiske kystperle i Bremanger.
Frå området Iglandsvik og Grotle byr vi på nokon av Bremangerlandet sine beste opplevingar. Vi nemner berre strandperla Grotlesanden, magiske Vetvika, majestetiske Hornelen og mangfaldege andre fjellturar – og ikkje minst det idylliske fiskeværet Iglandsvik. Vi kallar det Bremangerland.
Velkomen skal du vere!
Aktivitetar
Her i Bremanger(land) har vi eit eldorado av naturopplevingar – alt frå krevjande heildagsturar til Norges vestlegaste isbre Ålfotbreen, topptur til sagomsuste Hornelen, strandliv på Grotlesanden, fisketurar for heile familien og ikkje minst den skjulte perla Vetvika.
Explore Bremangerland
Pakk ryggsekken med fjellsko,
solbriller og gode kle for
mangfaldege opplevingar.
Vi ventar på deg!