Opplev det å overnatte i verdas første og største innandørs naustpod-hotell på Reidarbua i Bremanger.
Her tilbyr vi fem separate pod-ar som ligg i eit stort og attraktivt fellesområde i andre etasje. Her bur du i levande omgjevnader med fiskebåtar som kjem og går frå kaia på utsida.
Reidarbua vart bygd rundt 1920 som sildemottak. I 1928 vart den flytta frå Fanøy til Iglandsvik, og blei brukt som fiskemottak, sildesalteri og til slutt isoporkassefabrikk til fram på 90-talet. Bua har ei rik fiskerihistorie, og blir fortsatt brukt aktivt til fiskeriaktivitet. Gjestar på bua vil kunne oppleve sjarkar i dagleg drift som brukar Reidarbua som base for drifta si.
Reidarbua ligg i smørauget på Iglandsvik, med gangavstand til Havlys B&B, Joker, Livsstilsbutikken Farmen, Iglandsvik Marina og døgnåpne drivstoffpumper.
Pod-avdeling:
- Kjøkken
- 2 bad med dusj
- Fellesområde
- Vaskemaskin
- Wifi
- Takterrasse